TORSDAG 23. OKTOBER 2008 NYHENDE 10 www.innsida.no

Kunstnaren Bjørg Strømme stilte tidlegare i haust ut måleri på Bogstad Gård i Oslo.
Denne helga hadde ho elleve elevar med seg på akvarellkurs på Ryvarden Kulturfyr.
Tekst: GRO HEIDI ÅSEN MOLLAND
Foto: BJØRG STRØMME
KUNST: Elleve ivrige akvarellmålarspirer
frå Haugesund i sør til Bergen i nord – fire menn og sju kvinner – deltok førre helg på fitjarbuen Bjørg Strømme sitt akvarellkurs på Ryvarden Fyr .Inspirerande natur
– Akvarellkurset er ein skapande
verkstad med hovudvekt
på uttrykksmogelegheitene
innanfor akvarellpigmenta
sine hemmelegheiter. Eg har
vore på Ryvarden før, og har
Elleve ivrige deltakarar var med på helgas akvarellkurs på Ryvarden Fyr. FOTO: BJØRG STRØMME
verkeleg sans for både kulturen
og landskapet der. Naturen er
verkeleg inspirerande, seier
Strømme til innsida.no. Som vi
ser av bileta, var himmel og hav
sjølvsagte tema under helgas
kurs. I tillegg til å måla, fekk
deltakarane også innblikk i kva
ein akvarell er, klassiske og moderne
teknikkar, materialforståing
og hovudteknikkane
vått på tørt og tørt på vått.
Utfordringar 
– Lyset sine hurtige skifte over Ein collage av deltakarne si attgjeving av ruskeveret.
horisonten gav spennande utfordringar
for oss alle. Akvarellfargane
som passar fint til å
gje att akkurat det ruskevêret
vi hadde i helga, Payne's Gray
og Neutral Tint, pigmenta likar
seg i mykje vatn på godt akvarellpapir.
Etter utprøving med
grå fargar, passa det fint å gå
over til fargesprakande komposisjonar
i haustfargane vi
såg på veg til Ryvarden. Akvarellane
talar for seg sjølv. Ifølgje
deltakarane var det eit lærerikt
kurs, fortel Bjørg.
Kurs i Frankrike
Neste sommar planlegg ho
kurs av noko større omfang; i
middelalderbyen Sauveterre
De Rouergue i Sør-Frankrike.
Der vil Solveig Thomassen låna
ut huset sitt for at kunstinteresserte
skal få ei oppleving utanom
det vanlege. Solveig er
nemleg både kunst- og matinteressert;
fitjarbuen kjenner
henne nok både som kokkelærar
på Fitjar vidaregåande skule,
og frå blomebutikken i bygda.
Tidlegare har ho også drive
Galleri SI i Fitjar.
Med seg i administrasjonen av kurset har ho også Maren Sofie Strømme. Ho har utdanning i maling Kunstskolen i Bergen. Ho har hatt ti års jubileum
som utstillar, og er også utdanna frisør og interiørkonsulent.
Kunne du tenkja deg å vita
meir om dette kurset, ta ein
kikk på Bjørg si heimeisde:
http://www.bjorgstromme.
info/.
Akvarellkurs
på Ryvarden
Elleve ivrige deltakarar var med på helgas akvarellkurs på Ryvarden Fyr. FOTO: BJØRG STRØMME
Himmel og hav var sentrale tema.
Deltakarane fekk prøva seg på både både ruskevêr i gråtonar og fargesprakande
haustfargar.
Ein collage av deltakarne si attgjeving av ruskeveret.